Fotoelektrisk effekt

Den fotoelektriske effekten opptrer når eit metall gjev frå seg elektron under påverknad av lys. Denne effekten har eit stort teknisk bruksområde, mellom anna i lysmålarar som vert nytta i fotografering. Ein får då lyset som skal målast til å falle inn mot ei lita metallplate. Når lyset treffer denne vert det frigjort elektron, som produserer ein elektrisk straum i ein tilkopla straumkrins. Ved å lese av straumstyrken kan ein slutte seg til kor sterkt lyset er. Hallwachseffekt er ei lita brukt nemning på den fotoelektriske effekten. Namnet er etter oppdagaren av effekten, den tyske fysikaren Wilhelm Hallwachs (1859–1922).


Developed by StudentB